Rekneskapsbyrå med kunden i fokus

Hjå Fadnes Rekneskap får du skreddarsydde rekneskapstenester etter behovet til bedrifta di.

Rekneskapstenestene

Ønsker du å gjere delar av rekneskapsarbeidet sjølv, eller vil du helst sette bort heile jobben til ein autorisert regnskapsfører? Hjå oss får du skreddersydde løysingar som passer di bedrift. Til å utføra desse tenestene nyttar vi oss av løysingane via Visma Business eller PowerOfficeGO.

Rekneskap

Ein av hovudoppgåvene våre er å utføra din rekneskap på ein nøyaktig, effektiv og grundig måte. Med kunnskapen vår, erfaring og moderne programvare har vi full kontroll på økonomien i bedrifta di.

Lønn

Gode og faste rutinar på oppgåver som omhandlar lønn er ein viktig del av arbeidet vårt. Hald dine tilsette motiverte med problemfri og føreseieleg lønnskøyring, reiserekningar, timeregistrering og liknande.

Fakturering

Fakturering kan vera ei tidkrevjande oppgåve, men med Fadnes Rekneskap som samarbeidspartnaren din kan du føla deg sikker på eit effektivt og ryddig system på inn- og utbetalingar, purringer og inkassooppgåver.

Økonomisk rådgjeving

Vi ønsker nærleik til kundane våre. Gjennom eit tett samarbeid blir vi godt kjent med bedrifta di og ser ofte der det er rom for betring. Med kompetansen vår gir vi deg ro og trygging slik at du kan fokusera på andre oppgåver.

Etablering av selskap

Fadnes Rekneskap bistår deg ved etablering av alle typar selskap. Rekneskapsførarane våre har erfaring frå ei rekke bransjar og veit kva som blir kravd ved etablering, endringar og avvikling av selskap.

Årsoppgjer

Etter endt rekneskapsår er det på tide å levera årsoppgjer. Fadnes Rekneskap utarbeidar komplett årsrekneskap med nødvendig informasjon innanfor sette tidsrammer. Dette gjer vi på ein ryddig og nøyaktig måte.

Budsjettering

Det å laga eit realistisk og grundig utført budsjett kan vera ein utfordrande og krevjande jobb. For at du skal ha mest mogleg kontroll gjennom året tek vi på oss budsjettarbeidet slik at du når dei måla du har sett for bedrifta.

Treng du ein trygg samarbeidspartnar for økonomien din?

Ta kontakt med Fadnes Rekneskap og fortel oss kva vi kan bistå med.

Kontakt oss